Samarbeid

Furuheim: På Furuheim har vi Litteraturkafé nokre ganger i året. Der tek vi med ei kasse bøker og tidsskrift som bebuarar og besøkjande kan låne. Vi har også høgtlesing frå ei utvald bok.

Helsestasjonen: Med Helsestasjonen har vi ei ordning der familiar får eit gåvekort på ei gratis bok ved toårskontrollen. Då kan dei kome til biblioteket med gåvekortet og velje seg ei biletbok.

Vaksenopplæringa: Vaksenopplæringa tek med seg grupper til biblioteket der dei får omvising, informasjon og høve til å få lånekort.