Digitale tenester

BookBites

Bookbites er biblioteket sitt tilbod på e-bøker og e-lydbøker. Dette er ein app som er tilgjengeleg for smarttelefon og nettbrett med iOS(Apple), eller Android. Du loggar deg inn med lånekortnummer og pin-kode.

Nasjonalbiblioteket

Nasjonalbiblioteket, nb.no, har ei egen digital bokhylle der du kan lese norske bøker utgitt før 2000. Dei fleste bøkene er tilgjengelege så lenge du har ei norsk IP-adresse, det er nokon som du kun har tilgang på i sjølve Nasjonalbiblioteket, og folkebiblioteket har utvida tilgang i nokre høve. Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål.

Kjem snart: Filmoteket

Via Filmoteket kan du sjå opp til fire filmar i månaden med lånekortet ditt. Logg inn med lånekortnummer og pin-kode.

Pressreader

Pressreader er ei digital avisteneste med eit utval norske og utanlandske aviser og tiddskrift. Du kan lese både i nettleser og i app. For å få tilgang må du opne nettsida eller appen medan du er kobla til biblioteket sitt trådlause nettverk. Du har då tilgong på tenesta i sju dagar. Det er valfritt om du vil logge inn eller vere gjestebrukar på Pressreader.