Strikk og lytt
Velkomen til Strikk & lytt kvar fyrste torsdag i månaden på biblioteket i Bø!
Ta gjerne med handarbeid av noko slag, men ønskjer du berre ei roleg stund på biblioteket, så len deg tilbake og slapp av og lytt.
I haust les me høgt frå norske sakprosaforfattarar.
Varer om lag ein time.
Du treng ikkje å melde deg på. Arrangementet er gratis og vi stiller med kaffe, te og noe godt.
Biblioteket er sjølvbetent til kl 19.00, så det er berre å bli sittande ei stund etterpå.
Med støtte frå Fritt Ord.