Fotografi av bygdebøker.

Søke etter slekt og bruk av familietreprogrammet Legacy

Dato

Tid

Stad

Kåvån, Gullbring kulturhus

Dette er tredje møte i ein serie om slektsgransking som er eit samarbeid mellom Midt-Telemark bibliotek, Bø museum og Seniornett i Midt-Telemark.
Nå tek vi for oss programmet Legacy som er eit av programma som finst for å sette saman slekta di, sette inn opplysningar om kvar enkelt person, legge inn bilde av enkeltpersonar, familiar og brudepar. Og ikkje minst sette inn noter om kvar ein har henta opplysningane.
Programmet finst i både gratisversjon og ein fullversjon som kostar nokre hundre kroner. Med denne versjonen har ein også mange utskriftsmoglegheiter.
Legacy er lett å laste ned og ta i bruk.



Denne kvelden vil vi jobbe med nokre av moglegheitene Legacy har, både med kva ein bør leggje inn og ulike måtar ein kan få oversikt over slekta på gjennom programmet.
Det blir og tips om korleis ein søkjer i opplysningane ein sjølv har lagt inn.
Det er ein fordel om alle har lasta med Legacy på førehand, elles tek vi det den kvelden.
Og om ein ikkje har jobba før, ha nokre namn, datoar og fødselsår du kan leggje inn. Start med deg sjølv, søsken, ektefeller, barn, foreldre, besteforeldre osv. og dei aller næraste slektningane forøvrig. Det er fint om du har med bildefiler av nokre av desse personane og.
Tom Arnesen, som på sist møte gjekk gjennom søkemuligheter på nett er med og Olav Finstad går gjennom Legacy.
Les om slektsgransking ho Bø museum.