Kurs og erfaringsutveksling

Dato

Tid

Stad

Gullbring kulturanlegg

Midt-Telemark bibliotek arrangerer i samarbeid med Aktive Eldre og Seniornett i Midt-Telemark, kurs for frivillige som driv med styrearbeid eller ønskjer å drive med styrearbeid. Kurset er gratis og ope for alle som er interesserte. Det er inga påmelding og det blir enkel servering av kaffe, te og frukt. Denne kvelden har fokus på kasseraroppgåver, men alle styremedlemmer må gjerne kome. Kurset blir halde i Oppåstugo i Gullbring.

Kvelden vil dekkje:

-Rekruttering og medlemspleie

-Overføring av fullmakter til ny kasserar

-Innlogging til foreininga sin bankkonto

-Innbetalingar

-Informasjon frå banken

-Bruk av foreininga sin Vippskonto

-Bruk av Zettle (bankterminal)

-Kredittkort for organisasjonar

-Setja inn kontantar i banken

-Tilbakebetaling frå bank- eller vippskontoen til organisasjonen

Deltakarar må ha med:

-Det de bruker for å logga inn med BankID (mobil/kodebrikke)

-Smarttelefon (dersom organisasjonen har ein dei bruker til Vipps må han vera med)

-PC (anten eigen eller organisasjonens)

-Zettle-terminal for dei som har det