Etter ei lang tid med stengde lokaler, opnar vi endeleg biblioteket i Bø for innlevering og lån igjen. Vi håper på forståing for at tilbodet ikkje er heilt som før. Vi har laga nokre avgrensingar for bruken, med utgangspunkt i smittevernvegleiar for folkebibliotek.

Biblioteket bør i desse dagar ikkje vere ein stad for samling av menneske over tid, samt at flater bør vaskast oftare. Difor tek vi bort det meste av stolar og bord, alle leiker og spel, og stenger lesesal og stillerom. Det er mogleg å nytte pc og skrivar, men me kan ikkje opne for speling og lengre tids surfing på nett.

Før samfunnet blei stengt, starta vi eit arbeid med å flytte på samlinga. Dette arbeidet har vi halde fram med, og det meste står ikkje på same stad som før. Målet har vore å gjere det enklare å finne fram, skape gode sitteplassar, men i starten vil det sjølvsagt vere forrvirrande for deg som var kjent med det gamle! Personalet må og tenke seg om to gonger nå. Endå ein grunn til å reservere det ein vil låne, for det står nok ikkje der du skulle tru! Det vil kome eit kart over dei nye plasseringane, og så håper vi at vi har gjort noko rett, slik at det ikkje tek lang tid før du finn fram til det du leitar etter. Og kanskje oppdagar du noko nytt på vegen rundt.

Velkomen skal du vere til Midt-Telemark bibliotek!

OPNINGSTIDER: tysdag, onsdag, torsdag: 11-17   fredag, laurdag: 11-15

KONTAKT OSS: biblioteket@mt.kommune.no / telefon: 35059240 / Midt-Telemark bibliotek på Facebook / mtbib.no

UTLÅN

Vi anbefaler å bestille bøker og anna via appen, heimesida vår eller over telefon, slik at vi reduserer trafikken på hyllene. Det er lov å sjå på hyllene og plukke med seg, men av omsyn til fellesskapet og smittevern tilrår vi at så mange som mogleg reserverer så mykje som mogleg på førehand.

Barn under 15 år må ha med vaksne dersom dei skal «sjå på hyllene». Vi anbefaler å reservere på førehand.

Alt som ikkje er reservert skal lånast ut på automaten. Hugs lånekort! (Dei som har appen Bibliofil, har lånekortet sitt der.)

Alt som er reservert hentast i skranken. Hugs avstand ved kø.

INNLEVERING

All innlevering skal skje på automaten. Når du leverer, legg du materialet rett i kasser, som blir sett i karantene før dei kjem ut på hylla. Dersom noko ikkje kan leverast på automaten, eller er reservert annan lånar, set du det på merka stad, og personalet tek seg av det vidare.

Vi reknar med at det blir ein del innlevering i starten, difor ønskjer vi ikkje å ta dette i skranken eller innleveringskassa ute. Personalet vil vere til stade og hjelpe ved automaten. Innlevering blir kun mogleg i bibliotekets opningstid. Vi purrar ikkje i mai, og håper dei fleste får levera før juni.

HENTEBIBLIOTEKET

Vi held fram med hentebiblioteket for dei som ikkje kan/ønskjer å kome inn i biblioteket. Dette må avtalast med biblioteket anten via telefon, e-post eller melding på Facebook. Det vil då vere mogleg å hente posen før opningstid.

GVARV

Vi opnar diverre ikkje biblioteket på skulen ute på Gvarv. Vi held fram med hentebiblioteket for dei som ønskjer, og som nokon kanskje har sett på Facebook, så jobbar vi med å få på plass eit lite bibliotek i Kornmagasinet i Gamlegata! Dette håpar vi skal kunne opne i løpet av juni. Her blir det mogleg å låne, hente og levere fleire dagar i veka. Vi hadde sett for oss ei litt annleis opning og bruk av dette lokalet, men tidene vil nok endre seg, og moglegheitene vil bli fleire.

Translate »