Bibliotektilbodet vil framleis vere prega av Covid-19 og arbeid knytt til kommunesamanslåinga.

Hovudbiblioteket har følgande opningstider: tysdag, onsdag, torsdag: 11 – 17, laurdag 11 – 15.

Minibiblioteket på Frivilligsentralen i Sauherad vil vere betent tysdagar kl. 14.30 – 17. Utanom dette er minibiblioteket tilgjengeleg i huset si opningstid. Sjå meir om dette på Facebook: Frivilligsentralen i Sauherad.

Bruk av biblioteket
Generelle smittevernråd gjeld: Hald deg heime viss du er sjuk, sprit/vask hender når du kjem og når du går, hald minst ein meter avstand.
-På grunn av Covid-19 har vi valgt å halde innlevert materiale i ein dags karantene. Vi ber difor om at så mykje som mogleg blir innlevert på automaten, eller i innleveringskassa på utsida av hovudbiblioteket.
-Utlån bør og skje på automaten. Hugs lånekort!
-Vi hjelper til med alt, ikkje ver redd for å spørje oss!
-Reserver gjerne på førehand. Med appen Bibliofil har du både lånekortet med deg, og det er enkelt å reservere, for du er allereie innlogga.
-Leserom er stengt.

Samlinga
Bøker, lydbøker og filmar som var i samlinga på Gvarv, er i ferd med å bli integrert i samlinga på hovudbiblioteket. Ein større del av samlinga står nå i kjellaren, men er tilgjengeleg. Snakk med personalet, eller reserver det du ønskjer digitalt via appen Bibliofil, eller her på heimesida. Har du nasjonalt lånekort kan du bestille frå dei fleste bibliotek i landet via Biblioteksøk, og hente det på Midt-Telemark bibliotek.

Arrangement
Det er for tida ikkje planlagt ope arrangement eller andre organiserte aktivitetar. Biblioteket kjem til å ha fokus på å formidle litteratur til utvalde grupper som vil bli kontakta. Dette er eit prosjekt som er støtta av Nasjonalbiblioteket/ Tippemidlar, og tilpassa situasjonen sammfunnet no er i.

Translate »