Bruk av biblioteket i Bø

Midt-Telemark bibliotek ønskjer å vere ein stad for alle, og ber difor om forståing for at det er nokre endringar i tilbodet i desse Covid-19-tider.

Generelt så gjeld råda om å halde seg heime om ein er sjuk, sprite/vaske hender før og etter besøk i biblioteket (vi har vask på toaletta litt inne i lokalet) og å halde minst ein meter avstand, gjerne meir. Vis omsyn til dei rundt deg, og så kan det vere lurt å regne litt god tid. Innlevering og utlån skal, så langt det er mogleg, gjerast på automat, og her kan det bli litt kø dersom det kjem mange på ein gong.

Veit du kva du skal låne? Reserver gjerne i litt god tid før du kjem, så kan du hente det du har bestilt i skranka. Men biblioteket er ope som vanleg, og du må gjerne sjå på utstilte bøker og finne skattar på hyllene.

Det er for tida ikkje smitte i lokalsamfunnet, og vi har ikkje lenger innlevert materiale i 4 dagars karantene. Det som leverast inn blir sett ut på hyllene før opningstid neste dag. Aviser og tidsskrift kan nyttast som før. Vi oppmodar til spriting/handvask etter bruk av pc og lesing av aviser, og etter berøring av andre kontaktflater. Toalett og kontaktflater blir reingjort kvar dag før opning.

Grupper i biblioteket

På grunn av situasjonen, så vil vi ikkje oppmode til at  elevar eller andre samlar seg i større grupper inne på biblioteket. Vi har eit lite lokale, og det er ikkje anbefalt å vere mange tett saman over lengre tid hos oss.

Vi har ikkje sett noko maksgrense for antal besøkande på same tid, eller lengde for opphaldet. Vi håpar at de tek kontakt med personalet dersom noko kjennest ugreit, så skal vi finne ei løysing.

Skjer det ei rask endring i smittesituasjonen i kommunen eller i nærområda, kan det hende at biblioteket blir stengt utan varsel.

Er det noko du lurar på, berre ta kontakt på telefon 35 05 92 40, eller send oss ein e-post biblioteket@mt.kommune.no.

Translate »