Lånereglementet

Lånerett:
Alle som bur i landet har rett til gratis lån av bøker og anna materiale som Bø bibliotek har til utlån. Brot på lånereglane kan føre til tap av lånerett.

Lånekort:
Alle som skal låne bøker må ha lånekort. Det blir kravd legitimasjon for å få lånekort. Institusjonar blir registrert på namnet til institusjonen samt ein ansvarsperson. Lånekortet skal takast med ved lån. Adresseendring eller tap av lånekort må meldas til biblioteket. Ved tap av lånekort, kan eit nytt skrivast ut mot gebyr.

Lånetid:
Bøker, tidsskrift, lydbøker: 4 veker
Filmar (DVD): 1 veke
Språkkurs: 8 veker
Musikk (CD): 4 veker

Reservering:
Utlånt materiale kan reserverast. Lånaren får melding når det har kome inn, og må hentast innan ei veke.

Lån frå andre bibliotek:
Biblioteket kan skaffe bøker og anna materiale frå andre bibliotek. Med nasjonalt lånekort kan lånarar bestille bøker frå andre bibliotek for henting på Midt-Telemark bibliotek. For slike lån gjeld reglane til eigarbibloteket.

Ansvar:
Lånaren er ansvarleg for alt som blir lånt på lånekortet og må levere det tilbake innan fastsett innleveringsfrist. Materiale som blir tapt eller øydelagt må erstattas etter reglar og satsar som gjeld til ei kvar tid. Manglande betaling av erstatningskrav kan føre til tap av lånerett. Biblioteket er ikkje ansvarleg for skader som kan oppstå på teknisk utstyr hjå lånaren ved bruk av lånt materiale, til dømes dvd og cd.

 

Translate »