Biblioteka våre i haust
Midt-Telemark bibliotek driftar med noko reduserte tenester denne hausten, grunna Covid-19.

Opningstider
Hovudbiblioteket i Bø er ope tysdag-torsdag kl. 11-17, fredag og laurdag 11-15. På minibiblioteket i Kornmagasinet på Gvarv er det ope tysdag 11-17, med personale til stade frå klokka 14. Torsdag er det sjølvbetent kl. 11-15.

Bruk av biblioteka
Generelle smittevernråd gjeld: Hald deg heime viss du er sjuk, sprit/vask hender når du kjem og når du går, hald minst ein meter avstand.
-På grunn av Covid-19 har vi valgt å halde innlevert materiale i 3-4 dagers karantene. Vi ber difor om at så mykje som mogleg blir innlevert på automaten, eller i innleveringskassa på utsida av hovudbiblioteket.
-Utlån bør og skje på automaten. Hugs lånekort!
-Vi hjelper til med alt, ikkje ver redd for å spørje oss!
-Reserver gjerne på førehand. Med appen Bibliofil har du både lånekortet med deg, og det er enkelt å reservere, for du er allereie innlogga.
-Leserom og lesesal er stengt.

Tidlegare Sauherad folkebibliotek
Folkebiblioteket har nå stoppa utlån ved biblioteket som ligg på skulen på Gvarv. Vi beklagar dette, men bygget skal etterkvart rivast, og barne – og ungdomsbøkene skal skiljast ut til skulebiblioteket, som har fått lokaler i det nye skulebygget frå 2021. Det har ikkje vore lett å finne fram til inngangen etter at dei starta å bygge den nye skulen, og inngangen er i dag ikkje tilgjengeleg. Vi har oppretta eit lite bibliotektilbod i Gamlegata på Gvarv, som vi håpar mange har glede av. Her er det og mogleg å hente bøker som er reservert på førehand, både bøker frå hovudbiblioteket, og bøker frå andre bibliotek. Berre ta kontakt med oss.

Samlinga
Bøker, lydbøker og filmar som er i samlinga på Gvarv, skal i løpet av hausten bli integrert i samlinga på hovudbiblioteket. Mykje er det same i dei to samlingane, og biblioteket må få plass til heile samlinga i lokala i Bø, noko som betyr at det sorterast hardt i begge samlingane. Samla sett håper vi å få plass til det viktigaste og beste, slik at innbyggarane i den nye kommunen vår skal få eit godt bibliotektilbod i den nye kommunen vår.

Arrangement
Det er for tida ikkje planlagt arrangement eller andre organiserte aktivitetar. Vi håpar at både språkkafè og Seniornett kan starte i løpet av hausten. Det vil bli annonsert.

Translate »