Hentebibliotek, rettleiing og bokbyttehylle
Kvar tysdag på Kjernehuset kan du møte ein tilsett frå biblioteket mellom klokka 14:30 og 15:30. Du kan i denne tida hente reservert materiale frå biblioteket si samling etter avtale.
Vi kan og gje deg god informasjon om biblioteket sine mange tilbod.
Bøker til folkebiblioteket kan leverast i innleveringskassa til ei kvar tid Frivilligsentralen er open.
Hylla med utlånsbøker blir nå endra til ei bokbyttehylle. Vi håper med dette å gjere bøker og litteratur enda meir tilgjengeleg! Det er same prinsipp som bokkassene i Evjudalen: alle som vil kan sette frå seg bøker og ta med seg bøker. Det er gratis og heilt uforpliktande. Vi oppmodar alle interesserte i å sette frå seg og/eller ta med seg bøker frå den nye bokbyttehylla på Kjernehuset, Frivilligsentralen på Gvarv!
Bokbyttehylle
- Finn du ei bok du har lyst til å lese? Berre å ta!
- Har du bøker heime som du tenkjer andre kunne hatt glede av? Sett dei her!
- Denne hylla er tenkt å leve sitt eige liv! Alle kan ta eller sette bøker og blader her. Det er gratis og uforpliktande.
- Tilsette frå folkebiblioteket ryddar kvar veke i samband med tilbod om rettleiing og hentebibliotek tysdagar kl. 14:30 – 15:30.
- Lurer du på noko om bokbyttehylla? Ta kontakt med biblioteket på telefon 35 05 92 40 eller på e-post: biblioteket@mt.kommune.no.
- Bokbyttehylla er eit samarbeid mellom Sauherad frivilligsentral, kulturkontoret og folkebiblioteket i Midt-Telemark kommune.